God deltaking på Baklukeloppis’en!

Laurdag 28.september forsøkte vi oss med den 2. utgåva av Baklukeloppis på torget i Lindås senter. I år var det mange påmeldte, nærare 50 bilar, men fleire fråfall gjorde at me enda opp med vel 30 bilar av dei 41 plassane me hadde til disposisjon. Rundt same antallet som i fjor altså.

Arrangementet gjekk knirkefritt, det var to kaféar i drift, ein som Songlaget stod for i det som har vore Bygdelagets tiltak i lokalet ved Kiwi med fast laurdagskafé. Det andre tilbodet stod Lindås Misjonsselskap for med kafé i dei gamle lokala til Molly Me ved sida av Helland Elektro.

Nokre tilbakemeldingar frå dei som var med viste at det var store forskjeller på omsetninga. Nokre hadde god respons mens andre ikkje hadde det. Som i fjor verka det også som lindåsingane ikkje akkurat hadde masseutflukt til senteret, men det tar kanskje litt tid før ein innarbeider dette arrangementet. I tillegg var det loppemarknad på Skodvin og her kan vi sikkert gjera ein bedre jobb med å koordinera dette til neste år så vi slepp å konkurrera.

Uansett, arrangementet var vellukka og nokre meiner også at vi burde gjort dette et par gonger for året. Så får vi gjera ein evaluering av heile arrangementet og sjå om dette kan bli aktuelt.

Takk til dei som bidrog til ein triveleg dag på torget!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *