Flott Damenes Aften!

Rundt 300 damer var tilstades på Damenes Aften i går! Det blei eit veldig bra arrangement med gode innslag på scena. Pizza frå Mama Rosa gjekk ned på høgkant, det same blei kakene levert av Rema 1000. Alt saman gratis slik det plar vera på Damenes Aften i Lindås senter.

Takk til Bente Brekke Kampevold som hadde eit interessant og meiningsfullt kåseri om positivitet, snakka fram kvar andre i staden for det motsatte. Takk også til Ola Utante sine betraktninger og forslag til gode leveregler, presentert i ein figur som fekk salen til å sprudla. Og takk til nr 1 Fitness som stod for oppvarminga. Så må vi også retta ein takk til deltakarar på stand, modellar, samt konferansier Torbjørn Mjøs og alle som var med og laga ei flott ramme rundt arrangementet!

Og heilt til slutt: Takk til publikum!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *