Søndag 10.november er det farsdag!

Farsdag er ein årleg heidersdag for fedre. I Norge, Island, Sverige, Finland og Estland er farsdagen lagt til andre søndag i november. I mellomkrigstida blei farsdagen i Norden feira i begynnelsen av juni. Etter ønskje frå handelsnæringa i dei nordiske landa, blei så dagen flytta til andre søndag i november for å få bedre avstand til morsdagen.

Farsdag i USA

Den første kjente feiringen av farsdag i USA kan sporast tilbake til 1907, men det er Sonora Smart Dodd i Spokane, Washington, som har fått hovudæra for å innføra feiringen til det breide lag av befolkningen. Ho hadde vore til stades ved ei feiring av morsdagen i ei metodist-kyrkje, og foreslo for den lokale pastoren at også fedrene burde få sin festdag. Dodds far var ein krigsveteran som hadde vore eineforsørger og oppdratt seks born. Ho foreslo at farsdagen skulle leggjast til farens fødselsdag, men då tida blei for knapp, blei feiringen i Spokane gjennomført 19. juni 1910, som var den tredje søndag i juni.

I tiåra som fulgte gjekk interessen for feiringen av dagen opp og ned i USA. Mange meinte at feiringen blei drive fram av kommersielle interesser. Andre hevda at det ikkje burde vera forskjell på mor og far, morsdagen var for lengst etablert som en festdag. Enden på visa blei at president Richard Nixon lovfesta farsdagen som ein nasjonal merkedag i 1972. Farsdagen er i USA lagt til tredje søndag i juni.

Ref. Store Norske Leksikon, Audun Dybdahl NTNY

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *