Mykje folk på julegateopninga!

Det var veldig kjekt å sjå at det blei fullt hus under årets julegateopning! Vi valgte å leggja arrangementet ei veke tidlegare enn normalt fordi Black Friday «kolliderer» med arrangementet vårt. Programmet var som vanleg med innslag frå Nr. 1 Fitness, Barneleikarringen, Lindås Songlag og Soul Children som var med og tok vare på ein god tradisjon her i senteret. I år hadde me også fått sett opp fleire høgtalarar for å bedra opplevelsen lydmessig. Litt uvant for dei som bidrog frå scena, men til gjengjeld bar lyden godt ut over hele torget. Kanskje litt for godt også meinte enkelte, men vi syns i det store og heile at det var bra!

Lindås ungdomsskule sine elevbedrifter bidrog som vanleg også med sine produkter med 14 stands. Og sjølvsagt kom nissen ein tur innom også i år, og med det var kvelden redda for dei minste. Ein stad mellom 500 og 600 mennesker var innom torget på årets julegateopning, og det er mange år sidan det har vore like mykje folk til stades.

Takk for frammøte til alle og einkvar, både dei som bidrog og publikum som møtte fram!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *