2020 blir eit spanande år!

Lindås senter ønskjer alle eit godt nytt år! Det kan bli eit spanande år, Europris har bestemt seg for å etablera seg på Lindås og med det har senteret fått ein tilvekst som kjem til å merkast – i positiv retning. Nokre er kanskje «redd» for at ein slik tung aktør kan trua verksemda til andre i senteret, men praksis har vist at det sjeldan er tilfellet. Tvert i mot vil denne tilveksten fungera som ein generator for fleire besøk til senteret som igjen vil føra til auka omsetning for alle andre også. Ikkje minst vil det vera eit godt tilbud til folk i Lindås og bygdene rundt og føra til at handelslekkasjen sørover truleg blir mindre. Det kjem alle som driv butikk på Lindås til gode.

Vi er allereie godt i gang med 2020 og som vanleg er det januarsalg også i Lindås senter. Salget foregår også ut heile månaden slik at det er mogeleg å gjera gode kjøp i vekene som kjem. Velkommen til Lindås senter og sjekk ut kva butikkane har å tilby framover!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *