Ny blomsterbutikk i senteret!

Lindås Blomster valgte å ikkje fornya leigekontrakten i senteret og dermed var det slutt 31.mars for butikken mange bygdefolk sette så stor pris på. Blomsterbutikken har vore ein stabil og viktig aktør heilt sidan senteret opna tidleg på 1990-talet. Derfor var det hyggjeleg at eigarane fekk på plass ein ny aktør som i desse dager har overtatt lokala. Vi ønsker velkommen til Lottas Blomster og Lotta Oksanen som er innehaver av det nye tilskotet i senteret. Lotta kjem frå Ørebro i Sverige som ligg omtrent midt mellom Oslo og Stockholm, er utdanna sjukepleiar med spesialfelt innan sorgterapi.

Eit besøk til Lottas Blomster vil nok overraska mange, for innreiinga er kreativ og litt annleis enn det ein kanskje kunne forventa å finna i ein blomsterbutikk. Men, forvandlinga som er gjort er fantastisk flott og butikken er på mange måtar blitt eit lite smykke i senteret! Løysinga som Lotta her har valgt, er forøvrig heilt i tråd med nytenking for utforming av butikkar. I dag er det ikkje nok med kun å tilby og levera eit varespekter, kundane ønskjer i tillegg ein positiv opplevelse når dei handlar. Det får dei så absolutt ved å ta ein tur til Lottas Blomster. Vi anbefaler ein tur innom på det sterkaste!

Du kan kontakta Lottas Blomster på same telefon som tidlegare: 56 36 93 07 eller mob.tlf. 46 66 45 65

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *